Velg språk
Group 12

Gullprosjektet

Undervisningsopplegg om vald og seksuelle overgrep for barnehagar og skular i kommunen

Mange barn og unge får ikkje kunnskap om vald og overgrep, og mange veit ikkje at det dei opplev ikkje er greitt. Barn treng å vite kva som er lov og ikkje, kva vald og overgrep er, at ein kan seie i frå og lære å setje grenser for eigen kropp.

Videopodkast og podkast

Videopodkast

 

Podkast

 

Forklaringsvideo

Kva er "e d greitt?"

Forklaringsvideo

Korleis forankre "e d greitt?"

e d greitt webP_1x

Kort om

"e d greitt?"

Undervisningsopplegget "e d greitt?” skal sikre at alle barnehagar og skular skal gje undervisning, slik at barn og unge får kunnskap om vald og overgrep. Alle barn i kommunane får lik kunnskap til same tid. Opplegget vil òg sikre at tilsette i barnehage og skule får meir kompetanse, og blir trygge på å snakke med barn om desse tema, samtidig som dei får auka handlingskompetanse når dei får mistanke om, eller når barn fortel om vald og seksuelle overgrep.

"e d greitt?” er eit førebyggjande arbeid på tvers i kommunen, og eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon og
barnevern.

undervisningsplan

Undervisningsplan

“e d greitt?” er bygd på nettressursen www.jegvet.no, og er satt i eit overkomeleg system for pedagogar og lærarar å nytte seg av. “e d greitt?” er alders- og modningstilpassa. Det startar i barnehage og følgjer barna til 10. klasse.

Undervisningsopplegg

Alle barn og unge har rett til å få alderstilpassa kunnskap om

  • kva vald, seksuelle overgrep og mobbing er
  • kva rettar dei har, og kva norske lovar seier
  • korleis ein kan få hjelp om ein blir utsett for mobbing, vald eller seksuelle overgrep

Det er ikkje ei målsetjing med opplæringa at den vaksne skal avdekke eller kartleggje vald, overgrep eller mobbing. Målet er å lære og ha gode samtalar om temaet.

"Forsking visar at opplæring om vald og seksuelle overgrep kan ha en førebyggjande effekt og gi barn økt kunnskap, betre ferdigheitar og evne til å beskytte seg sjølv. Forskninga finner ikkje skadeverkingar av opplæring om vald og overgrep". (Folkehelseinstituttet, 2017).  Undervisingsopplegget er knytt inn mot rammeplanen i barnehagen og læreplanen i skulen.

Undervisningsopplegget “e d greitt?”, blir gjennomført i ulike tidsrom for barnehagar og skule. Dette skal sikre at alle barnehagar og skular i dei ulike kommunane får same undervising på tema. Sjå årshjul for meir informasjon om korleis ein skal arbeide med dette gjennom året. Det er viktig at ein allereie før oppstart set seg inn i kva tema ein skal gå igjennom, slik at ein er førebudd, og eventuelt kan få hjelp/rettleiing til korleis ein kan gjennomføre opplegget.

Ver aldri åleine i barnegruppa/klassen når du tek opp tema som dette. Det er godt å vera to om enkeltelevar treng å bli ivaretekne.

Tid for undervisning
- Bruk gjerne starten på veka og tidleg på dagen - ha gjerne rom til litt fleksibel tid.
- Har du barn du veit er utsett for seksuelle overgrep i di gruppe/klasse? Ha ein samtale med dette barnet i forkant av undervisninga, og bli samde om i kva grad barnet skal delta, og om det vil delta.
- Ver òg ekstra obs på dette barnet undervegs og etter undervisninga.

Signal dei neste dagane og vekene
Ver ekstra obs på eventuelle signal frå barna dei neste dagane og vekene. Det kan vera at nokon ber på noko dei ikkje har fortalt om tidlegare, at det skjer ein prosess i tida etter undervisninga som gjer at dei kanskje vil prøve å fortelje til deg.

Barn som ikkje følgjer ordinær undervisning
Hugs: alle barn må få informasjon. Har du barn/elevar som i lita grad følgjer ordinær undervisning, og som kanskje ikkje er i klassen når denne undervisninga blir gitt? Tilpass opplegget til din elev, og pass på at den også får kunnskap, enten i klasserommet eller på eige grupperom.

"Veke 6"
Fleire skular gjennomfører "veke 6". Skulane som gjennomfører eigne opplegg, bør fortsetje med det. Men det er tilrådd at dei i tillegg gjennomfører "e d greitt?" for å sikre at alle barn i kommunen får same informasjon.

Barnehage

Her finn du undervisningsopplegg for barn i barnehagar. Klikk på dei ulike alderstrinna for meir informasjon. 

For den vaksne:
● Skriv ut og laminer samtalekort og lottospel.
● Finn fram biletbøker på temaet kring kroppen til dømes "Anatomi for småtasser" (nytt biblioteka).
● Bevisstgjer personalet på korleis vi samtalar med barn når ein skal vaske dei, kle på dei, korleis ein vekkjer borna m.m. Set ord på det ein gjer og sett ord på  kroppsdelar ein vaskar, kler på m.m.

Forslag til undervisingsopplegg
● Snakk om kroppen, set ord på dei ulike kroppsdelane (også private områder som rumpe, gutetiss, jentetiss, pupper m.m).
● Nytt gjerne nokre av Samtalekorta om kropp og grenser. Bla ned på sida og finn ressursar. Her kan du laste ned korta. Les òg veilederheftet før ein nytter korta.
● Ver medviten når ein skal vaske barn, vekkje dei og leggje dei. Snakk om kva ein gjer i situasjonane. Beskriv kva du gjer med barnet. Døme: “No kjem eg og vaskar munnen din”, “no skal eg vaske rumpa og tissen din”...
● Sjå litteraturlista under "idébank" for forslag til relevante barnebøker.

Ekstra opplegg
● Finn gjerne tips og inspirasjon til aktivitetar på Idebroen sine sider.

 Forslag til helsestasjonen 
 ●  2-4 veker etter fødsel viser jordmor filmen "Gråt og trøyst". 
●  Helsesjukepleiar viser filmane "Rap" og "Promp" til begge foreldre. Dette i tillegg til det faste programmet på helsestasjonen. 

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisningsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/barnehage.
Økt 1 - Korleis ha det fint saman. 
Klikk deg inn på fana «Å ha det fint saman». Klikk deg inn på økt 1. Bruk dagen til å arbeide dykk gjennom dei ulike fanane saman med barna. Ta pause etter behov. Bland gjerne lesing, samtale og leik/teikning gjennom dagen. Bruk fargeleggingsark og aktivitetsark til den vaksne etter behov.
"Økt 2 - Detektivar etter ein krangel". Klikk deg inn på fana: «Å ha det fint saman». Klikk deg inn på økt 2. Gå gjennom fanane saman med barna.

Ekstra opplegg
● Gå gjerne inn på nettsida www.jegvet.no/barnehage. Klikk deg inn på fana "Å fortelje". Gå gjennom fanane saman med barna.


Helsestasjonen
● 4 års konsultasjon. Samtale omkring vald og overgrep saman med born og føresette.

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/barnehage.
● Klikk deg inn på fana «Rett til å vere trygg». Gå gjennom fanane saman med barna. Ta pause etter behov. Bland gjerne lesing, samtale og leik/teikning gjennom dagen. Bruk fargeleggingsark og aktivitetsark til den vaksne etter behov.
● Klikk deg inn på fana «Kva er barnevernet?». Arbeid deg gjennom fanane. Bruk tid på fana «Å fortelje». Finn gjerne din eigen måte å kombinere desse to temaene på.

Ekstra opplegg
● Gå gjerne inn på “voksne skal aldri slå” og sjå filmen frå NRK Super. Vurder modninga til barna.

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/barnehage.
● Klikk deg inn på fana «Kroppen min eier jeg».
● Gå inn på økt 1 «Kroppen er din» og arbeid deg gjennom dei ulike fanane saman med barna.

Ekstra opplegg
Diskutér situasjonane.

Barneskule - småtrinnet

Her finn du undervisningsopplegg for barn på småtrinnet. Klikk på dei ulike klassetrinna for meir informasjon.  

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/1-4 trinn.
● Dag 1: Klikk deg inn på fana «Kroppen min eier jeg». Gå inn på økt 1 «Kroppen er din» og arbeid deg gjennom dei ulike fanane saman med barna.
● Dag 2: Klikk deg inn på fana «Kroppen min eier jeg». Gå inn på økt 2 «Norges lover». Arbeid deg gjennom dei ulike fanane
saman med barna.
● Dag 3: Klikk deg inn på fana «Kroppen min eier jeg». Gå inn på økt 3 «Å være redd». Arbeid deg gjennom dei ulike fanane
saman med barna.
● Dag 4: Klikk deg inn på fana «Kroppen min eier jeg». Gå inn på økt 4 «Det er aldri din skyld». Arbeid deg gjennom dei ulike
fanane saman med barna.
● Dag 5: Klikk deg inn på fana «Kroppen min eier jeg». Gå inn på «Hemmelegheiter». Arbeid deg gjennom dei ulike fanane
saman med barna.

Ekstra opplegg
● Sjå gjerne musikkvideoen «jeg bestemmer selv» som ein intro til temaet.

Helsestasjonen
● Skulestartundersøking – samtale med barn og føresette omkring vald og overgrep.

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jeget.no/1-4 trinn.
● Klikk deg inn på fana «Rett til å være trygg». Jobb deg gjennom fanane saman med klassen.
● Klikk deg inn på «Kva er barnevernet?». Jobb deg gjennom fanane saman med klassen.

Ekstra opplegg
● Gå gjerne inn på “voksne skal aldri slå” og sjå filmen frå NRK Super. Vurder modninga til barna.

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jeget.no/1-4 trinn.
● Klikk deg inn på fana «Å ha det fint saman». Jobb deg gjennom økt 1 og 2 saman med klassen.
● Sjå filmane “klassevenner” episode 1-3 (nederst på sida).

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/1-4 trinn.
● Klikk deg inn på fana «Kroppen min eier jeg». Velg økt 4 «Det er aldri din skyld». Arbeid deg gjennom fanane saman med
klassen.
● Gå også gjennom fanane «Hemmelegheiter» og «Kva er barnevernet?».

Ekstra opplegg
● Sjå gjerne musikkvideoen «jeg bestemmer selv» som ein intro til temaet.
● Sjå gjerne animasjonen "sinna mann" på NRK. 

Barneskule - mellomtrinnet

Her finn du undervisningsopplegg for barn på mellomtrinnet. Klikk på dei ulike klassetrinna for meir informasjon.  

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette i "idébanken".

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/5-7-trinn.
● Økt 1: Klikk deg inn på fana «Trygg på skulen». Bla nedover til «Lik meg: Kven er din bestevenn?». Sjå filmen og gå
etterpå gjennom «snakk saman».
● Økt 2: Sjå også filmen «Lik meg: Ikkje bry deg». Sjå klippet, og gå etterpå gjennom «snakk saman».
● Økt 3: Klikk deg inn på fana “Å fortelje”. Klikk deg innpå «Å fortelje om noko som er vanskeleg». Gå gjennom denne i klassen, og jobb vidare gjennom «snakk saman».

Ekstra opplegg
● Gå inn på www.jeget.no/5-7-trinn > "Trygg på skulen".
● Lytt til utdrag «Tusenfryd» og gå deretter gjennom "Snakk saman". Nytt gjerne "aktivitetsark til den vaksne".
● Sjå gjerne videoen "Hva er samtykke".

Helsestasjonen
● Pubertetsundervising: fokus på vald og overgrep.

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/5-7.trinn.
● Økt 1: Klikk deg inn på fana «Trygg heime». Sjå gjennom dei tre episodane. Nytt deg av refleksjonsspørsmåla frå
«Snakk saman».
● Økt 2:
- Arbeid deg vidare med «Rett til å vere deg». Sjå gjennom episoden og nytt deg av refleksjonsspørsmåla frå “Snakk saman”.
- Klikk deg inn på «Kva er barnevernet?». Arbeid deg gjennom «Kva er barnevernet» og «Snakk saman».

Ekstra opplegg
● Bruk gjerne "Arbeidsark til eleven" og "Aktivitetsark til den vaksne" under filmane.
● Sjå gjerne filmen "Levi", ein film om seksuelle overgrep på nett.

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/5-7-trinn.
● Økt 1: Klikk deg inn på «Din Kropp». Velg «Historia om Levi». Sjå filmen, og arbeid deg gjennom «Snakk saman».
● Økt 2: Klikk deg så inn på filmen «Å seie frå». Sjå filmen og arbeid deg gjennom «Snakk saman». Arbeid med «Å fortelje om seksuelle overgrep» og «Seksuelle overgrep».

Ekstra opplegg
● Bruk gjerne "Arbeidsark til eleven" og "Aktivitetsark til den vaksne" under filmane. Finn gjerne passande video å vise klassen med informasjon om barnevernet på www.hvaerbarnevernet.no.

Helsestasjonen
● Politiet sitt undervisningsopplegg knytt til nettvett, "Delbart?"

Ungdomsskule

Her finn du undervisningsopplegg for ungdom på ungdomsskular. Klikk på dei ulike klassetrinna for meir informasjon.  

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/8-10-trinn.
● Økt 1: Klikk deg inn på «Læringsmiljø». Lytt til utdrag «Tusenfryd» og «Fagsamtale». Gå gjennom fana «Reflekter saman».
● Økt 2: Klikk deg så inn på fana «Rett til å velje». Lytt til utdrag «Kva vil folk si» og «Fagsamtale». Gå etterpå gjennom fana «Reflekter saman».

Ekstra opplegg
● Nytt gjerne artiklar frå www.ung.no til vidare arbeid i klassen.

Helsestasjonen
● Helsesamtale – vald og overgrep kan vere eit av tema.

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/8-10-trinn.
● Økt 1: Klikk deg inn på fana «Trygg heime». Lytt til utdrag «Når er jeg gammel nok til å skyte faren min?», og lytt til
«Fagsamtale».
● Økt 2: Arbeid deg gjennom delen med refleksjon. Klikk deg så inn på fana «Biletdeling». Sjå filmen «Delbart?» og
reflekter saman.

Ekstra opplegg
● Nytt gjerne artiklar frå www.ung.no. Arbeid gjerne med fordjupningsoppgåvene.

Helsestasjonen
● Seksualitetsundervisning enten med MSO eller helsesjukepleiar.
● Politiet har undervisning om rus- og psykisk helse.

For den vaksne
● Bruk nettsida www.jegvet.no. Her finn du rettleiing og ressursar.
● Sjå årshjul og informasjonsskriv til føresette.

Undervisingsopplegg
● Gå inn på nettsida www.jegvet.no/8-10-trinn.
● Klikk deg inn på fana «Samtykke». Sjå filmen og reflekter saman.
● Klikk deg inn på fana «Grenser». Lytt til utdrag og fagsamtale. Reflekter så saman etterpå.

Ekstra opplegg
● Arbeid gjerne med fordjupningsoppgåvene.

ressursgruppa

Ressursgruppa

Ressursgruppa kan vere barnevernstenesta sitt ansvar. Det er svært nyttig at både barnevernstenesta og helsestasjonen er representert med minst to personar kvar.

barnas_verneombod

Barnas verneombod

Alle skular og barnehagar i kommunen skal ha ein representant som skal vere barnas verneombod.

Barnas verneombod har saman med leiar, ansvar for at undervisningsopplegget "e d greitt?" blir gjennomført.

foeresette

Informasjon til føresette

Barna sine føresette må informerast om at barna deira gjennomfører undervisning med "e d greitt", som ein del av kommunen si satsing for å forebyggje vald og overgrep.

aarshjul

Årshjul for "e d greitt?"

Her kan medlem av ressursgruppa, barnas verneombod, pedagogar og leiarar i skule og barnehage sjå kva som skal skje i løpet av året.

isabellaogvigdis

Kontaktinformasjon

Vigdis Anne Dyrkolbotn & Isabella Helland

Ynskjer du kontakt med oss?

Vigdis Anne Dyrkolbotn
● E-post: vigdis.dyrkolbotn@kvinnherad.kommune.no
● Telefon: 91 13 86 38 

Isabella Helland
● E-post: isabella.helland@ullensvang.kommune.no
● Telefon: 90 36 53 60